OM OSS
<Heim

 



Bilder
Om oss
Drivstoff
Kart
Lenker

 


 

INNLOGGING FOR EKSISTERANDE MEDLEMMER:


Klikk på nøkkelen!
 

FØRDE BÅTKLUBB
har pr 1.1.2010 ca 437 medlemmer, av desse har rundt 222 båtplass i hamna.

Førde Båtklubb disponerer eit klubbhus i indre hamn, her er det møtelokale og sanitære anlegg.

Båtklubben har også ein del naust som vert disponerte av medlemmar i klubben.

Opphalet (rampen) kan nyttast av alle, men ikkjemedlemmer må betale kr 100,- til klubben pr gang, sjå oppslag på klubbhuset for detaljar.

Bruk av klubben si båtvogn (hydraulisk) kostar kr 1000,- pr gang. Kontakt hamnesjef for bestilling.
 

ADRESSA TIL FØRDE BÅTKLUBB:

Førde Båtklubb,
Postboks 219,
6801 FØRDE

E-post til klubben: Klikk her

MEDLEMSSKAP
Medlemsskap i Førde Båtklubb kostar kr 300,- pr år.

Medlemskap gir tilgang til området, med opphal og organisert land- og sjøsetting, og er påkravd for å ha båtplass i hamna.

BÅTPLASS
Førde Båtklubb har av og til ledige båtplassar for salg, i tillegg byggjer ein ut nye brygger etter som behova og omstenda tillet det.

Prisen på ein båtplass er rekna ut etter lengde og breidde på båtplassen og om det er tilgang på vatn og straum. I tillegg kjem ei årleg leige som går til drift og vedlikehald av hamna.

For tinging av medlemskap eller  båtplass, kontakt båtklubben via E-post eller brev, eller bruk skjemaet i lenka under.

OBS: Før bestilling av båtplass og eller medlemsskap må du lese og akseptere klubben sine vedtekter, som du finn her
(kan også fåast ved å kontakte klubben via post eller e-post)

Skjema for søknad om medlemsskap og båtplass, klikk her.

 



 


 

 

(C) Førde Båtklubb /P. K. Eide 2005